Graving er ein viktig del av våre tenester, og vi utfører dei fleste oppdrag innan graving og fundamentarbeid.

Med 8 gravemaskiner frå 5 til 42 tonn, hjulmaskin, 3 hjullastarar frå 20 til 40 tonn, 3 lastebilar med hengarar/semihengar, mobilt knuseverk og sorteringsverk, borerigg, gps-utstyr, valser og komprimatorar, traktor med diverse utstyr, og mykje anna spesialutstyr - er det lite vi ikkje kan fikse.

Vi utfører grunn- og terrengarbeid både for private husstandar og for næringslivet. Vi tek små og store oppdrag innan VA (vatn og avløp), drenering, vegarbeid, grunnarbeid og utforming av hagar og landskap.
Rett og godt utført grunnarbeid er viktig og grunnleggande i ved f.eks oppsetting av forstøtningsmur, nybygg eller tilbygg og er ekstremt viktig for at resten av prosjektet skal bli vellukka. Dårlig utført handverk kan få store og kostbare følgjer på eit seinere tidspunkt. Det er difor viktig at oppdraget blir gitt til nokon du stoler på.
Med lang erfaring innan faget, gjer vi heile jobben, alt frå råtomt til ferdig planert tomt. Vi utfører det aller meste innan grunnarbeid og entreprenørverksemd.