Treng du hjelp til å flytte fjell? Fjellsprenging har lange tradisjonar i Noreg, sidan fjella våre gjer bygging av veger og hus til ei større utfordring enn i mange andre land.

Sprenging er ei metode der ein tek i bruk eksplosiva for å lausgjere fjell, slik at det blir råd å handtere. Vi i Brekke & Kleppe Anlegg AS har opparbeida oss mange år med erfaring innan fagfeltet og tek på oss det meste innan boring, sprengingsarbeid og vi flytting av tilhøyrande masse.

Vi kan stort sett fjerne kva som helst kunden måtte ønske ved hjelp av sprenging:
• Sprenging av tomter
• Sprenging av grøfter
• Kontursprenging
• Sprenging ved bygging av veg
• Sprenging i steinbrot
 
Vi er utstyrte med eigen borerigg, bergsprengar og bergsprengingsleiar, og sørger for at du som kunde får jobben utført til rett tid og rett pris.

Ta gjerne kontakt for ein prat eller eit uforpliktande pristilbod.